Skip to content Skip to menu Skip to footer
Description de l’offre d’emploi

Oppstart stilling: Så snart som råd

Habilitering for barn og unge (HABU) er organisert under medisinsk klinikk og Barne- og ungdomsavdelinga i Helse Førde.
HABU gir eit tverrfagleg tilbod til barn og unge mellom 0-18 år som har medfødt eller erverva funksjonshemming og/eller utviklingshemming/utviklingsforstyrring.

Stillinga inngår i eit tverrfagleg team for å gje gode tenester til barn og unge med samansatte utfordringar. Teamet består av lege, ergoterapeut, psykologar, vernepleiar, sjukepleiar, spesialpedagog, barnevernspedagog og fysioterapeut. Arbeidsforma er poliklinisk og ambulant.

Arbeidsoppgåver
Kartleggings- og utgreiingsarbeid, diagnostisering og behandling av barn/unge i vår målgruppe
Utgreiing av autismespekterforstyrringar og psykisk utviklingshemming
Tilbakemelding til foreldre, ungdommar og lokale instansar, samt å gje råd om aktuelle tiltak
Delta i intern og ekstern undervisning/rettleiing både individuelt og i grupper
Oppfølgingsarbeid ovenfor barn/unge og pårørande

Exigences professionnelles

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Ønskeleg med relevant spesialisering for fagfeltet
  • Ønskeleg med kompetanse på utgreiing av utviklingsforstyrrelsar
  • Ønskeleg med erfaring fra klinisk arbeid med barn/ungdom i målgruppa og deira pårørande 
  • Meistre norsk godt, både muntleg og skriftleg 
  • God fagleg vurderingsevne 
  • Tilfredstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20 a
  • Førarkort klasse B  

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids-og kommunikasjonsevner
  • Trivast med både sjølvstendig arbeid og arbeid i tverrfagleg team
  • Strukturert arbeidsform
  • Ha fagleg interesse og engasjement
  • Ivaretek eigne arbeidsoppgåver og ansvarsområde på ein sjølvstendig måte

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Avantages

 

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst. Psykologspesialist blir løna etter kompetanse med årsløn kr. 959 500 - kr. 994 900, og psykolog etter tid i spesialistkvalifisering med årsløn kr. 672 600 - kr. 748 700
  • Utdanningspermisjon for psykologspesialist i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • God fagleg utvikling innan utredning og oppfølging av nevroutviklingsforstyrringar
  • Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer
  • Ein arbeidsplass som er inkluderande arbeidslivsbedrift
  • Innovativ teneste- og organisasjonsutvikling i samband med Nye Førde sjukehus
Informations détaillées relatives à ce poste
Secteur professionnel:
Domaine d’enseignement:
Expérience professionnelle:
Work experience is required
Durée de l’expérience professionnelle:
Between 2 and 5 years
Compétences linguistiques:
  • Norwegian
  • Very good
Fourchette salariale:
Not provided
Date of expiry:

About organisation

Norsk: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3&nbsp… Pour en savoir plus

Loading...