Psykologspesialist/ Psykolog
Oppstart stilling: Så snart som råd
Habilitering for barn og unge (HABU) er organisert under medisinsk klinikk og Barne- og ungdomsavdelinga i Helse Førde.
HABU gir eit tverrfagleg tilbod til barn og unge mellom 0-18 år som har medfødt eller erverva funksjonshemming og/eller utviklingshemming/utviklingsforstyrring.
Stillinga inngår i eit tverrfagleg team for å gje gode tenester til barn og unge med samansatte utfordringar. Teamet består av lege, ergoterapeut, psykologar, vernepleiar, sjukepleiar, spesialpedagog, barnevernspedagog og fysioterapeut. Arbeidsforma er poliklinisk og ambulant.
Arbeidsoppgåver
Kartleggings- og utgreiingsarbeid, diagnostisering og behandling av barn/unge i vår målgruppe
Utgreiing av autismespekterforstyrringar og psykisk utviklingshemming
Tilbakemelding til foreldre, ungdommar og lokale instansar, samt å gje råd om aktuelle tiltak
Delta i intern og ekstern undervisning/rettleiing både individuelt og i grupper
Oppfølgingsarbeid ovenfor barn/unge og pårørande
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Ønskeleg med relevant spesialisering for fagfeltet
- Ønskeleg med kompetanse på utgreiing av utviklingsforstyrrelsar
- Ønskeleg med erfaring fra klinisk arbeid med barn/ungdom i målgruppa og deira pårørande
- Meistre norsk godt, både muntleg og skriftleg
- God fagleg vurderingsevne
- Tilfredstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20 a
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids-og kommunikasjonsevner
- Trivast med både sjølvstendig arbeid og arbeid i tverrfagleg team
- Strukturert arbeidsform
- Ha fagleg interesse og engasjement
- Ivaretek eigne arbeidsoppgåver og ansvarsområde på ein sjølvstendig måte
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst. Psykologspesialist blir løna etter kompetanse med årsløn kr. 959 500 - kr. 994 900, og psykolog etter tid i spesialistkvalifisering med årsløn kr. 672 600 - kr. 748 700
- Utdanningspermisjon for psykologspesialist i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- God fagleg utvikling innan utredning og oppfølging av nevroutviklingsforstyrringar
- Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer
- Ein arbeidsplass som er inkluderande arbeidslivsbedrift
- Innovativ teneste- og organisasjonsutvikling i samband med Nye Førde sjukehus