Skip to content Skip to menu Skip to footer
Description de l’offre d’emploi

Jobbeskrivelse
Føde/gyn. avdeling ved Førde sentralsjukehus har ledig følgjande stillingar for sjukepleiar:

100% fast stilling frå 01.10.2023
100% vikariat i perioden 01.10.2023 - 01.10.2024
Avdelinga er ei kombinert føde/barsel/gyn. avdeling som i tillegg til jordmødre og barne-/hjelpepleiarar har tilsett sjukepleiarar. Sjukepleiar vil i all hovudsak ha ansvar for dei gynekologiske pasientane, men også delta i arbeidet med fødande og barselkvinner.

Avdelinga har innlagte gyn.pasientar som kan variere mykje i antall. I tillegg har avdelinga ansvar for oppfølging av pasientar etter dagkirurgiske inngrep og ivaretaking av pasientar som kjem poliklinisk. Dei ulike personellgruppene arbeider tett saman.

Opplys i søknaden om begge stillingane er av interesse.

Arbeidsoppgåver
Ansvar for gynekologiske pasientar som er innlagt for utgreiing og behandling
Oppfølging av dagkirurgiske pasientar etter operasjon
Mottaking og ivaretaking av polikliniske pasientar i tidleg graviditet
Deltaking og ivaretaking av kvinnene/paret i fødsel og barseltid
Arbeid ved gynekologisk poliklinikk

Exigences professionnelles

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent sjukepleiar
  • Relevant klinisk praksis
  • Erfaring innan gynekologi vil vere ein fordel

Utdanningsretning

  • Sjukepleie

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad

Personlege eigenskapar

  • Utadvent
  • Strukturert
  • Pasientorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Må trivast i eit aktivt miljø
  • Samarbeidsvillig
Avantages

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
Restrictions liées au poste

Norsk autorisasjon

Informations détaillées relatives à ce poste
Secteur professionnel:
Domaine d’enseignement:
Expérience professionnelle:
Work experience is not required
Compétences linguistiques:
  • Norwegian
  • Very good
Fourchette salariale:
Not provided
Date of expiry:

About organisation

Norsk: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3&nbsp… Pour en savoir plus

Loading...