Jobbeskrivelse Medisisk poliklinikk har ledig fast stilling som diabetessjukepleiar i 100% med tilsetjing frå snarast. Medisinsk poliklinikk undersøkjer og behandlar pasientar innan fagområda kardiologi, nefrologi, endokrinologi, gastroenterologi, geriatri, lungemedisin og klinisk ernæringsfysiologi. Dei tilsette samarbeidar tett med kring 25 legar, hovudsakleg frå medisinsk avdeling, men også frå kirurgisk avdeling, barneavdelinga og andre. I tillegg til polikliniske konsultasjonar vert det gjort mange undersøkingar av inneliggande pasientar. Arbeidsoppgåver Ha pasientkonsultasjonar Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid Koordinere fag- og systemarbeid på diabetesfeltet
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring med diabetessjukepleie er eit krav
- Vidareutdanning innan diabetessjukepleie er ein fordel
- Må beherske norsk godt både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Ha særskilt interesse for oppfølging av pasientar med kronisk sjukdom
- Trivst med rettleiing og undervisning individuelt og i grupper
- Er eigna til å drive og administrerere fagleg aktivitet
- Evnar å halde deg fagleg oppdatert
- Bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø
- Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvilleg og initiativrik
Vi tilbyr
- Eit fagmiljø med spennande arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Norsk autorisasjon