Skip to content Skip to menu Skip to footer
Opis ponudbe za zaposlitev

Jobbeskrivelse
Vi har ledige 3 x 100% faste stillingar som sterilforsyningsteknikar. Oppstart etter avtale.

Sterilsentralen og operasjonsavdelinga er organisert i Kirurgisk klinikk, Avdeling for Akuttmedisin, AAM. Leiar ved sterilsentralen er næraste overordna.

Sterilsentralen er ei serviceavdeling som utfører vedlikehald og klargjering av instrument og utstyr og steriliserar gods til alle avdelingar ved Førde sentralsjukehus. Sterilsentralen har eit spesielt tett samarbeid med operasjonsavdelinga.

Avdelinga AAM er i stadig utvikling og behovet for tenester endrar seg, noko som kan medføre endring i organisering og arbeidsoppgåver. Arbeidstakar må rekne med å også arbeide i operasjonsavdelinga med instrumentreinhald. Ny operasjonsavdeling og sterilsentral opnar i løpet av 2024, og då blir reinhald av instrument flytta til sterilsentralen. Fremtidig arbeidsoppgave kan også omfatte skopivask ved spesialpoliklinikk.

Ved intern opprykk kan det bli ledig vikariat. Opplys i søknaden om vikariat kan vere av interesse.

Arbeidstid på sterilsentral: kl. 08:00-15:30, seinvakt kl. 10:30-18:00.

Arbeidstid instrumentreinhald på operasjon: kl 08:00-15:30, seinvakt kl. 14:30-21:00.

Noko redusert opningstid til dømes i sommarperioden. Åpningstidene kan bli endra.

Arbeidsoppgåver
Utføre vasking, vedlikehald, kontroll, pakking og sterilisering av fleirgongsinstrument og utstyr
Bruk av ulike vaske- og steriliseringsmetodar tilpassa forskjellige typar instrument
Dokumentasjon av arbeidsprosessar og logistikkarbeid, samt kommunikasjon med alle avdelingar
Distribusjon av sterilt eingangs-og fleirgangsutstyr skjer frå sterilsentralen sitt lager

Zahteve za delovno mesto

Kvalifikasjonar

  • Vidareutdanning i spesialreinhald og sterilforsyning i helsetenesta er ønskjeleg
  • Helsefagleg bakgrunn, til dømes VKI/ helsefagarbeidar
  • Praksis frå instrumenthandtering/steriliseringsarbeid
  • Kunnskap om smittevern
  • IKT basiskunnskap
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere god kunnskap i norsk skriftleg og munnleg 
  • Utdanningsretning: Helsefagarbeidar / Hjelpepleie 
  • Utdanningsnivå: Fagskule/fagbrev

Personlege eigenskapar

  • Lærevillig og ansvarsbevisst person
  • God orden og høg hygienisk standard
  • God samarbeidsevne og kommunikasjon
  • Nøyen og systematisk
  • Evne til omstilling
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Trivast med høgt arbeidstempo

Personlege egenskaper blir vektlagt

Ugodnosti

Vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Tilrettelagt arbeid for å kunne ta fagutdanning i Sterilforsyning og smittevern i helsetenesta
  • Triveleg arbeidsplass og godt arbeidsmiljø
  • God opplæring i seksjonen
  • Vere med på laget for å trygge ein god pasientbehandling  
Podrobnosti o zaposlitvi
Poklicno področje:
Področje izobraževanja:
Delovne izkušnje:
Work experience is not required
Jezikovna znanja:
  • Norwegian
  • Very good
Plačni razpon:
Not provided
Date of expiry:

About organisation

Norsk: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3&nbsp… Več informacij

Loading...