Jobbeskrivelse
Portøravdelinga Førde sentralsjukehus har ledig 100% fast stilling som portør. Tilsetting: etter avtale.
Portørtenesta er organisert under Drift og Eigedom. Seksjonen utfører portørtenester, avfallshandtering, klargjering av senger og bistår operasjonsadelinga med portørteneste. Avdelinga har ca 18 årsverk.
Ledig 100% stilling er knytt opp til operasjonsavdelinga, men den som blir tilsett må også rekne med å utføre andre arbeidsoppgåver som høyrer til seksjonen.
Arbeidsoppgåver
Transport av pasientar
Hente og bringe utstyr ved behov
Transport av reine og skitne senger
Diverse transporttenester
Avfallshandtering
Drift av sengesentral
Anna førefallande arbeid
Kvalifikasjonar
- Vidaregåande skule
- Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
- Må ha førarkort klasse B
- Førstehjelpskurs er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt med godt humør
- Pasientorientert
- Ansvarsbevisst og tillitskapande
- Gode kommunikasjonsevner og relasjonsbyggjande eigenskapar
- Kunne takle press og store mengder arbeid
- Løysningsorientert
- Kunne utføre og trivast med arbeid som kan vere fysisk- og psykisk krevjande
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fagleg og personleg utvikling
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Norsk autorisasjon