Pleie og omsorg treng sommarvikarer i perioden
veke 26-33 innan:
- Sjukeheim/heimesjukepleie
- Kjøkken
- Vaskeri og reinhald
- PU-teneste
- Heimehjelp
- Aktivitør
Me har behov for:
- Sjukepleiarar
- Helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, studentar, lærlingar innan helsefaget
- Anna relevant 3-årig helse-/sosialfagleg utdanning
- Assistentar, reinhaldarar, heimehjelparar
Søknaden må innehalde:
- Kva for avdeling du ynskjer å jobbe ved
- I kva for periode du vil jobbe hjå oss
- Kva for stillingsstorleik du ynskjer å ha
- Om du har sertifikat for bil
- Autorisasjonsnummer ved 3-årig helsefagleg utdanning
Nærare informasjon får du ved å vende deg til:
- Pleie og omsorg, ring 56165140
- Pleie- og omsorgsleiar nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no
- Avdelingssjukepleiar hildegunn.sivertsen@fedje.kommune.no
Me tilsett fortløpande.
Du finn søknadsskjema på http://www.fedje.kommune.no
Søknad sender du til Fedje kommune, Stormarkvegen 49, 5947 Fedje eller til postmottak@fedje.kommune.no Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Nadine Gutte-Preusse, Tlf: +47 56165142, Mobil +47 46846011, Epost: nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no
Om arbeidsgiveren:
Fedje -- Norges vestlegaste kommune er liten, men god å bu og leva i. Her er ca 550 innbyggjarar, og avstandane i øykommunen er små. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1,5 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv, både på sjø og land. Om sommaren har me sørlandsidyll, om vinteren har me ruskevêr!
Arbeidssted:
Stormarkvegen 49
5947 FEDJE, Hordaland - Norge