Jobbeskrivelse
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har om lag 185 årsverk og er lokalisert i Førde, Florø og Tronvik.
Seksjon psykose og tryggleik er delt i to fysisk adskilte døgnpostar, lokal tryggleikspost er ein sjukehusfunksjon og DPS døgn psykose er ein del av distriktspsykiatrisk senter med opptaksområde Sunnfjord og Ytre sogn.
Lokal Tryggleikspost har 3 døgnplassar og er ein sengepost for personar med alvorleg sinnsliding, der det også er ein betydeleg risiko for vald. Ein tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern.
I tillegg til å gi psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å kartleggje, vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gi pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samtidig som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapautisk rehabilitering blir vektlagt. I tillegg gir den fysiske utforminga av nytt sykehusbygg ei god og sikker ramme for arbeidet.
Vi har ledig:
3x100% fast stilling for sjukepleiar/vernepleiar
Startdato: etter avtale
Tryggleikspost legg opp til en 50/50 kjønnsfordeling, der ein har minst 2 menn på kvart skift.
Arbeidsoppgåver
Arbeid på sengepost, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid
Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen
Gi psykiatrisk pleie og omsorg
Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg behandling på avdelinga
Ta del i den til ei kvar tid oppgåver som ligg til seksjonen
Andre oppgåver etter avtale med leiar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Relevant vidareutdanning vil også bli vektlagt
- Relevant erfaring er ønskjeleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottar gjerne hjelp
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
Vi tilbyr
- Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
- Opplæring
- Turnusordning med mulighet for langvakter (12,5t).
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Norsk autorisasjon