Skip to content Skip to menu Skip to footer
Descrição da oferta de emprego

obbeskrivelse
Psykiatrisk klinikk har ledig 2 x 100% fast stilling for sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning, for tida på DPS døgn Psykose.

Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har om lag 185 årsverk og er lokalisert i Førde, Florø og Tronvik.

Seksjon psykose og tryggleik er delt i to fysisk adskilte døgnpostar, lokal tryggleikspost er ein sjukehusfunksjon og DPS døgn psykose er ein del av distriktspsykiatrisk senter med opptaksområde Sunnfjord og Ytre sogn.

DPS døgn Psykose har 8 døgnplassar og er ein open spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. DPS døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.

Startdato: etter avtale

Arbeidsoppgåver
Arbeid på sengepost, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid
Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen
Gi psykiatrisk pleie og omsorg
Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg behandling på avdelinga
Ta del i den til ei kvar tid oppgåver som ligg til seksjonen
Andre oppgåver etter avtale med leiar

Requisitos do cargo

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Relevant vidareutdanning (f.eks. psykiatri eller SEPREP) blir vektlagd
  • Relevant erfaring er ønskjeleg
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg

Utdanningsretning

  • Sjukepleie
  • Vernepleie

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad

Personlege eigenskapar

  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottar gjerne hjelp
  • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
Benefícios

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
  • Opplæring
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Restrições do cargo

Norsk autorisasjon

Detalhes da vaga
Domínio profissional:
Área de estudo:
Work experience:
Work experience is required
Duração da experiência profissional:
Between 2 and 5 years
Competências linguísticas:
  • Norwegian
  • Very good
Intervalo salarial:
Not provided
Date of expiry:

Sobre a empresa

Norsk: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3&nbsp… Saber mais