Overlege for rusbehandling
Vi søkjer etter overlege som er spesialist i anten rus- eller avhengigheitsmedisin, psykiatri, allmennmedisin eller generell indremedisin. Tronvik har i dag overlege, psykologspesialist, kliniskbehandlar, gruppeterapeutar, sosialkonsulentar, helsesportspedagogar, aktivitørar og kring 25 sjukepleiarar/vernepleiarar/ miljøterapeutar.
Seksjonen på Tronvik høyrer under psykiatrisk klinikk i Førde. Klinikken har sentralsjukehusoppgåver i Helse Førde og er distriktspsykiatrisk senter for Sunnfjord og Ytre Sogn. Her driv vi også akutt – og tryggleikspost, vaksenhabilitering og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Klinikken har 23 legestillingar, av desse er 13 overlegeheimlar. Du blir ein del av dette fagmiljøet.
Tronvik held til i gode lokale i vakre omgivnader ved Sognefjorden. Pasientane har god plass til å utfalde seg med mange aktivitetar.
- Spesialist i enten rus- og avhengighetsmedisin, psykiatri, allmennmedisin eller i generell indremedisin
- LIS3 som har under 1 år igjen til å bli psykiater kan også bli vurdert for stilling som overlege.
- Gode språkkunnskapar, både skriftlege og munnlege, er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
- Kvalifiserte søkjarar kan få tilbud om vidare utdanningsløp med tanke på å bli spesialist i rus- og avhengighetsmedisin
- Du må ha førerkort i klasse B
- Du har humor, ro, tålmodigheit og empati
- Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Etter nærare avtale kan vi vere behjelpeleg med å skaffe bustad
- Knowledge of the Norwegian language