Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Jobbeskrivelse
DPS Døgn allmen har ledig stilling som helsefagarbeidar/hjelpepleiar frå 01.11.2023.
DPS Døgn allmenn er ein open sengepost som dekker kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Vi er ein av fleire seksjonar ved Psykiatrisk klinikk. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost, vaksenhabilitering og tverrfagleg spesialisert ruseining. Vi har akkurat flytta inn i nytt bygg ved sentralsjukehuset i Førde. I nybygget har vi 4 sengepostar, poliklinikk og Førde BUP. Rus døgn er framleis lokalisert på Tronvik.
DPS døgn allmenn har 14 sengeplassar. Der tek vi imot pasientar både til frivillig behandling og behandling under tvang. Vi ønskjer god kjønnssammensetning i vår sengepost, difor oppfordar ein menn til å søkje.
Du vil ha seksjonsleiar som næraste leiar.
Arbeidsoppgåver
Arbeid på sengepost, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid
Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen
Gi psykiatrisk pleie og omsorg
Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg behandling på avdelinga
Ta del i oppgåver som ligg til seksjonen
Andre oppgåver etter avtale med leia
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske
statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad - Relevant vidareutdanning og/eller erfaring blir vektlagd
- Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottar gjerne hjelp
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press
Vi tilbyr
- Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling
- Opplæring
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Norsk autorisasjon