Skip to content Skip to menu Skip to footer
Descrizione dell’offerta di lavoro

Jobbeskrivelse Ønsker du deg fast jobb som audiograf på Vestlandet, i ein by med kort veg til fjell, fjord og hav, der du på same tid har tilgang til bylivet? Hørselsentralen ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% fast stilling som audiograf, med oppstart snarast/etter avtale. Hørselsentralen har 6,5 audiografstillingar, og har aktivitet på 3 stadar: I Førde, Lærdal og Nordfjordeid. Hørselsentralen er ein del av Øyre-Nase-Hals-Kjeve-avdeling og vi arbeider tett saman i team på tvers av yrkesgruppene. Vi er opptekne av gode arbeidsforhold, og har eit godt arbeidsmiljø, der humoren og latteren sit laust i avdelinga. For meir informasjon om Helse Førde, kan du gå inn på denne lenkja:https://helse-forde.no/. Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune, og er den største byen i gamle Sogn og Fjordane fylke. Vi ligg sentralt til, med eigen flyplass og godt bussrutenett, og Bergen ligg bare ein tre timars køyretur unna. Førde er eit handelssentrum med stort utval butikkar, samt gode tilbod innan kultur, med ulike arrangement, konsertar, festivalar, m.m. Er du oppteken av friluftsliv, så er Førde ein by med uendelege moglegheiter. Byen ligg midt i flott vestlandsnatur omkransa av fjord og fjell, og med kort veg til kysten og havet. Tilhøva for fjellturar, langrenn, alpint, toppturar, kajakkpadling, fisking, sykling, klatring, m.m er mange og varierte. For meir informasjon om Sunnfjord kommune, kan du gå inn på denne lenkja. Den som får tilbod om tilsetjing må legge frem tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma) Arbeidsoppgåver: Pasientoppfølging Diagnostikk og behandling av hørselstap i alle aldersgrupper Avdelinga har alt relevant utstyr til klinisk audiologisk utgreiing. Mangfaldserklæring Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Requisiti professionali

Kvalifikasjonar:

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad, Audiograf
  • Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig
  • Du må ha evne til å skape og ivareta gode relasjonar med pasientar og kollegaer. Vi verdset god og positiv samarbeidsånd
  • Du må vere fleksibel og omgjengeleg i eit levande arbeidsmiljø
  • Du må kunne arbeide målretta og tole å stå i krevjande situasjonar
  • Du må trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistre høgt arbeidstempo
Vantaggi

Vi tilbyr:

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Hjelp til å skaffe bustad, og dekking av husleige dei 2 første månadane
  • For kvalifiserte søkjarar, tilbyr vi å dekke reise og opphold i forbindelse med intervju
Limitazioni relative al posto di lavoro

Norsk autorisasjon

Dettagli dell’impiego
Campo d’occupazione:
Education field:
Esperienza lavorativa:
Work experience is required
Durata dell'esperienza lavorativa:
Between 2 and 5 years
Competenze linguistiche:
  • Norwegian
  • Very good
Fascia salariale:
Not provided
Date of expiry:

Similar job offers

About organisation

Norsk: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3&nbsp… Per saperne di più

Loading...