Sjukepleiar Medisinsk sengepost 1
Jobbeskrivelse
Medisinsk sengepost 1 har ledig tre faste stillingar som sjukepleiar og to vikariat i 100%. Dei faste stillingane har 20% fellesvakter med medisinsk sengepost 2.
Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Førde. Det er gode forbindelsar med både buss og fly til Oslo og Bergen. Det er gode fasilitetar til forskjellige idrettar (fotball, tennis, klatring, svømming, langrenn, alpint, treningssenter, volleyball mm) lett tilgjengeleg. I tillegg er det mykje flott natur å utforske til alle årstider. Det er også bredt tilbod av butikkar i sentrum.
Medisinsk sengepost 1 har 25 senger fordelt på to grupper. Gruppe 1: Hjerte/kar-sjukdom og geriatri. Gruppe 3: Nyre, diabetes og endokrinologi. Medisinsk sengepost 1 samarbeider tett med sengepost 2 som har 15 senger med lunge-, infeksjons- og mage-tarm-sjukdom. På begge postane er det varierte problemstillingar i tillegg. Dei fleste pasientane vert innlagde med behov for øyeblikkeleg hjelp.
Arbeidsoppgåver
Pasintrelatert arbeid
Administrativt- og tverrfagleg arbeid relatert til pasientoppfølginga
Gje omsorg for pasient og pårørande
Elektronisk dokumentasjon i DIPS og Meona
Rettleiing og opplæring av studentar og nytilsette
Rutinearbeid i sengeposten
Arbeid i 3-delt turnus og 3.kvar helg
Være fleksibel til å arbeide i alle gruppene våre dersom det er behov for det
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat og tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/spesialsjukepleiar
- Søkjarar med vidareutdanning innan felta geriatri, nyre og diabetes vert prioriterte. Erfaring innan spesialisthelsetenesta vert vektlagt.
- Søkarar utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Må bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert varetekne
- Sjukepleiarar med økt kompetanse i geriatri, diabetes eller forbetringsarbeid vil bli prioriterte
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du må trivast i eit aktivt miljø med stadig nye utfordringer
- Du må kunne arbeide godt både sjølstendig og i team
- Du må være del av eit oppmuntrende og inkluderende arbeidsmiljø
- Du er punktlig og pålitelig
Vi tilbyr
- God opplæring
- Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Norsk autorisasjon