Skip to content Skip to menu Skip to footer
Opis ponude za posao

Jobbeskrivelse
Vi har ledig fast stilling som Bioingeniør ved LMBB, Førde sentralsjukehus.

Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) er ei fellesavdeling på tvers av sjukehusa i Helse Førde med seksjonar i Førde, Lærdal og Nordfjord. LMBB er ei viktig og sentral avdeling i Helse Førde, og bidrar døgnet rundt med analyser av høg kvalitet slik at både sjukehusavdelingar og legekontor kan sikre riktig diagnose og god pasientbehandling. Helse Førde er godt i gang med å bygge Nye Førde sjukehus, og laboratoriet har i samband med dette nyleg gjennomgått ei større ombygging.

Med våre framtidsretta lokaler med moderne analyseinstrument, automasjonsløysing og tette samarbeid med andre laboratorium i Helse Førde går vi inn i ein spennande periode med mål om å auke kvaliteten på tenestene vi levere. Personalet i avdelinga har høg kompetanse og består i hovudsak av bioingeniørar, men og av helsesekretærar, overlegar og sjukepleiar. Avdelinga har i dag eit godt kvalitetsstyringssystem og tilhøyrande kompetanse, og har eit mål om å søkje akkreditering for våre tenester innan 2025.

Er du bioingeniør og ute etter jobb i eit triveleg og godt arbeidsmiljø? Då er dette arbeidsstaden for deg: Bli med oss i LMBB.

På laboratoriet får du jobbe på ein arbeidsplass der du får brei erfaring med både medisinsk biokjemi og blodbank. Du jobbar sjølvstendig og i team. Her får du kjenne på kva det er å være bioingeniør innanfor fagfeltene hematologi, koagulasjon, klinisk kjemi, immunhematologi, blodgass, prøvetaking. Du får mogelegheit til å jobbe med moderne analyseinstrument og er tett på pasientane. Bioingeniørane deltar i tredelt turnus og er i sentrum der det skjer!

Førde sentralsjukehus ligg i Vestland fylke, Sunnfjord kommune. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng i nærområde. Les meir om Sunnfjord kommune.
Om du har spørsmål til stillinga, må du gjerne ta kontakt.

Arbeidsoppgåver
Varierte arbeidsoppgåver innan blodbank, hematologi, koagulasjon og medisinsk biokjemi
Pasientretta oppgåver innan prøvetaking og preanalyse
Stillinga inngår i 3-delt vaktturnus ved avdelinga. Dette gir mange fordelar med turnusfridagar. Vi tilpassar turnus individuelt
Spesifikke arbeidsoppgåver knytt til avdelinga
Arbeidsoppgåvene blir rullert kontinuerleg

Uvjeti radnog mjesta

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • For framandspråklege (utanom skandinavisk land), vert det krevd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten
  • Relevant praksis frå fagområdet medisinsk biokjemi og blodbank
  • Gode IKT kunnskaper 

Personlege eigenskapar

  • Vere fagleg engasjert og interessert
  • Jobbe stukturert og målretta
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
  • Må trivast i eit aktivt miljø med stadig nye utfordringar
  • Arbeider godt i team
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Vere serviceinnstilt
Dodatne pogodnosti

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Opplæringsprogram for nytilsette
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg arbeidsmiljø 
  • Arbeid i IA-bedrift
  • Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg
  • Eit meiningsfylt arbeid med moglegheit til personleg utvikling 
Ograničenja povezana s poslom

Norsk autorisasjon

Informacije o poslu
Područje obrazovanja:
Radno iskustvo:
Work experience is required
Trajanje radnog iskustva:
Between 2 and 5 years
Jezične vještine:
  • Norwegian
  • Very good
Raspon plaće:
Not provided
Date of expiry:

About organisation

Norsk: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3&nbsp… Saznajte više

Loading...