Jobbeskrivelse
Føde/gyn. avdeling har ledig 100% vikariat som helsefagarbeidar i perioden 01.10.2023 - 01.10.2024.
Avdelinga er ei kombinert føde/barsel- og gynekologisk avdeling med ca 900 fødslar. Avdelinga har også innlagt kvinner med problem i svangerskapet. Pleiepersonalet består av jordmødre, barne-/helsefagarbeidar og sjukepleiarar.
Helsefagarbeidar vil i all hovudsak delta i arbeidet med fødande og oppfølging av barnet og kvinna/paret i barsel, men også kunne delta i arbeidet med gynekologiske pasientar.
Arbeidsoppgåver
Delta i arbeid med kvinna/paret i samband med fødselen og barseltida
Legge til rette for amming og stell av barnet
Forefallande oppgåver som vask/opprydding og halde orden i avdelinga
Delta i stell og behandling av gynekologiske pasientar
Kvalifikasjonar
- Praksis frå tilsvarande avdeling er ønskeleg, men også anna relevant praksis
- Utdanningsretning/fagbrev: Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- Utdanningsnivå: Fagskule/fagbrev
Personlege eigenskapar
- Utadvent
- Strukturert
- Pasientorientert
- Arbeidsam
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Samarbeidsvillig
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høgt fagleg nivå
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
Norsk autorisasjon